Jæren Symfoniorkester Venneforeining
Jæren Symfoniorkester arbeider med planar om å etablere ei venneforeining skuleåret 2025/26.
Venneforeininga vil være eit tilbod til dei som vil støtte orkesteret aktivt for å fremje den klassiske musikken på Jæren.
Vi ser føre oss at hausten 2025 nyttast til å finne ut kor mange som kan tenke seg å verta medlemmar i ei slik foreining frå starten av, og at det blir stifting i løpet av våren 2026.
Laget vil ha ein moderat kontingent som skal vere økonomisk tilskot til Jæren symfoniorkester. Medlemmar vil få ein viss rabatt på utvalde konsertar som orkesteret gir. Også andre tilbod til medlemmane kan vere aktuelt etter kvart, konsertar, noko sosialt, osb. Noko praktisk arbeid kan på sikt vere ønskeleg.
Medlem: 300 kr
Student/skuleelev: 150 kr
Pensjonist/honnør: 250 kr
Ektepar/sambuarar: 450 kr
Korleis blir eg medlem?
Viss du kan tenke deg å bli medlem av ei venneforeining for Jæren Symfoniorkester, trykk på knappen under.
Du kan også ta kontakt med ein av oss:
Anne Brit Ree, anne.brit@ree.as, 906 44 585
Jan Erik Vinnem, jan-erik@vinnem.no, 911 52 125